Artikkel om huset i Teknisk Ukeblad

Hei igjen,

kort oppsummert har det siste halve året gått i husfinish, flytting, jobb og småbarn. Ikkje nødvendigvis i den rekkefølga, meir etter innfallsmetoden. No er vi (delvis) på plass i nytt hus, og vi har hatt nokre journalistar innom som vil skrive om huset. Først ut var Teknisk Ukebald, og det var jo litt stas for Håvard då:-) Her er lenka til artikkelen (det viste seg at vi var med i konkurransen om Norges Smarteste Hjem, og vi ser det som eit kompliment i seg sjølv - for dei som lurer, vi vann ikkje): http://www.tu.no/artikler/vi-kunne-gjort-ting-mye-enklere-for-oss-selv-men-vi-er-ikke-skrudd-sammen-pa-den-maten/364476 

God lesnad!

H&E

Husbanken Søkerkonferanse 2016

I går var eg på Gardermoen og hadde eit innlegg på Husbanken sin Søkerkonferanse 2016. Vi har fått tilskudd frå Husbanken til å formidle kompetanse om energi og miljø "inn og ut" av prosjektet vårt, og då stiller ein sjølvsagt opp på slikt! Og så måtte eg jo by litt på meg sjølv. Tenkte eg. Så det vart eit ganske ærleg vitnemål om opp- og nedturar i kvardagen til ein miljøhusbyggar... Jaja, opptak av konferansen blir lagt ut på Husbanken sine nettsider, så då kan du sjå sjølv:-)

God helg så lenge, med ein liten godbit frå mitt (framtidige) heimekontor!

Elisabet

 

Massive materialvalg... Og litt ventebilder!

Det siste året før vi starta på huset brukte vi mykje tid på planlegging. Vi var sjølvsagt ute etter løysingar som både var innanfor budsjettet vårt og samtidig hadde gode nok miljøeigenskapar. Vi var heldige som fekk kompetansemidlar frå Husbanken, slik at vi kunne engasjere ein konsulent til å gjere nokre av desse undersøkingane for oss. Det førte til at vi var tryggare på valga vi tok.

Likevel, så lenge der ikkje finst totalleverandørar eller ferdighus i marknaden for miljøhus, vil mykje av jobben med undersøkingar, vurderingar og valg ligge hos husbyggar. Ein kan ikkje leige inn konsulentar for alt. Det å bygge miljøhus er med andre ord framleis eit prosjekt for dei spesielt interesserte...

Eitt tema ein bør vere særleg interessert i er materialvalg! Miljøbelasting ved produksjon, eigenskapar i levetida og avhending. Her har vi gjort oss fleire nyttige erfaringar. Her er nokre tips:

1) Google smart. Skriv du "miljøvenleg golv" vil du garantert få 100 treff på ikkje-miljøvenlege produkt, men som kanskje er miljøsertifisert, før du kjem til det du er ute etter. Skriv heller "miljøeigenskapar golv" eller andre formuleringar som tek deg til sider som ikkje berre inneheld informasjon frå leverandørar.

2) Ta utgangspunkt i at "miljøvenleg" ikkje er hyllevare. Legg inn tid til å vurdere fleire produkt og førebu deg på lengre leveringstid. Ein annan ting; "miljøvenleg" viser seg overraskande ofte å vere synonymt med "tysk", så her er det gode mulegheiter for oppfrisking av språkkunnskapar.

3) Likevel, nokon gonger kan gode norske industriprodukt fungere like bra som noko anna. Vi vurderte å kle dei innvendige lettveggane med både leirplater, heiltreplater og trefibergips. Leirplater var lenge ein favoritt, men dei måtte bestillast frå Tyskland og i større kvanta. Vi endte opp med norske Huntonit-plater, som er produsert av norsk trevirke gjennom ein våtprosess utan bruk av lim.   

4) Tenk massivt! Massivt byggemateriale har gode eigenskapar både når det gjeld inneklima og varmefordeling. Vi brukar mellom anna heiltre golv, teglstein, massivtre konstruksjon og betong på golv.

5) Vurder miljøvenlege materialer i heile byggeprosessen. Til dømes er det viktig å redusere bruken av betong og oljebasert byggemateriale i grovkonstruksjonen, men "detaljar" som overflatebehandling, innredning, dører, vindu og trapper har også noko å seie for heilheita. Det vil til dømes vere dumt å forsegle den diffusjonsopne veggen din med vanleg maling. Vi har valgt kvitpigmentert bivoks som behandling på massivtreveggane og silikatmaling, kalkmaling og kalkpuss på innvendige veggar. Eit anna tiltak kan vere å kjøpe brukt, eller å utnytte alle ressursar fullt ut. Til dømes er våre innerdører kjøpt brukt på finn.no, medan trappene vert laga av restar frå massivtre-elementa. Teglsteinen er restar frå eit lokalt offentleg byggeprosjekt. Rekkverket på terrassen vert laga av kapp frå kledninga. På badet bygger vi dusj av porebetong-blokker som var til overs etter grunnmuren. 

Ellers har det skjedd mykje innvendig i huset dei siste to-tre månadane. Alt dette hadde nok fortent eigne blogginnlegg, men tida strekk ikkje til, så eg legg ved eit utvalg av ventebilder. 

Vi har hatt elektrikar og røyrleggar på plass, og tømrarane har sett opp og plata dei fleste innerveggane. Rett før helga fekk vi nokre hundre teglstein inn i kjellarstova, og no har vi snart fått ferdig mur- og termoveggane i regi av Odd Bjørvik.

H&E

 

Teglsteinsmuren mot kjellaren. Lithium Vandersanden. Eit restekupp:-)



Vassrøyr og trekkerøyr for diverse. Oppå her vert det lagt kortreist furugolv frå Følling!



Det kortreiste furugolvet ligg no til tørk. 



Kveldsjobbing i huset. Termoveggane in progress. Opne/lukke-motoren som skal monterast på takvindua blir det einaste high-tech innslaget i ventilasjonssystemet:-)





Meir kveldsjobbing. Muren i trappegangen ned mot kjellaren. 



Kledning i kjerneved furu

No er det lenge sidan sist! Tømrarane har vore ferdige utandørs ei stund, og no er elektrikarar og røyrleggarar i gang innandørs før vi støyper golv. Utandørs er kledningen komen på, vindauga er på plass og taket er tett. Det manglar framleis nokre dører, men dei får vi på plass om eitpar veker.

Kledningen vår er av kjerneved furu. Det inneber at treverket har ein slik kvalitet at det ikkje treng impregnering. Det skal heller ikkje malast eller beisast. Vi gler oss til dei neste tiåra utan å stresse med vedlikehald av huset utvendig😊 Bortsett frå torvtaket som må trimmast då... Når ein ikkje behandlar overflata av trevirket, vil treet etterkvart gråne og til slutt få ein sølvgrå patina. Frå gamalt av er dette heilt vanleg, og treveggar som er laga av trevirke av god kvalitet og med rett konstruksjon kan vare i 100 år.

Det kan vere nokon som er skeptiske til å la kledningen stå ubehandla. Ein grunn til det kan sjølvsagt vere det estetiske,ein annan grunn, som er aktuell på vestlandet, er at det er så fuktig klima her. Hausten og vinteren kan bestå av vekesvis med samanhengane regn og fuktig vær. Dette er gjerne i kombinasjon med vind, slik at regnet slår inn på fasaden. Dette fører til at treverket vil stå fuktig over lang tid og soppen har gode mogelegheiter til å etablere seg.



For å unngå dette er det viktig at fasaden er konstruert rett. Det må vere lufting på baksida av kledningen som går uhindra vertikalt frå bakken og opp under takutstikket. Dette gjer at treverket får kontinuerleg tørking. Liggande kledning er også betre enn ståande kledning. Dette er fordi kvart bord får ein dryppkant.

Det som skjer når treet grånar over tid er at det ytterste laget i treet dør. Soppen er avhengig av friskt treverk for å etablere seg. Det betyr at når treefasaden først har fått den grå fargen, så vil det vere vanskeleg for soppen å etablere seg. Utfordringa er perioden fram til treet har gråna. Vi har difor valt å behandle kledingen med jernvitrol. Dette vil drepe det ytterste trelaget og framskynde gråningsprosessen. Det vil også redusere forekomsten av skjoldar som vil oppstå ved naturleg gråning på grunn av ulik ytre påkjenning.

Vi har kjøpt jernvitrol på vanleg fargehandel, det er nokre boksar med eit pulver som ein blandar ut med vatn og nokre teskeier med svart pigment. Dette er for at ein skal sjå kva deler av veggen ein har sett inn med jernvitrolet. Til å føre på har vi kjøpt ei målingssprøyte. No satsar vi berre på ein fortsatt fin novembermånad! 

 



Isolering, isolering, isolering

For å vere heilt ærleg. Er det verkeleg nødvendig med så mykje isolasjon?? Eit lite innlegg om praktiske konsekvensar, og nokon økonomiske, av tekniske krav :-)

Altså: Huset vårt vil produsere sin eigen energi gjennom fjordvarme, solenergi og vindkraft. Etter forskriftene innfrir vi likevel ikkje krava til maksimalt energiforbruk, fordi 1) vi ønsker å redusere kostnadar og ha betre inneklima ved å bruke naturleg ventilasjon, noko som gjer varmetapet større, først og fremst på grunn av utluftinga og 2) forskriftene tek ikkje omsyn til eigenprodusert energi, og heller ikkje dei varmefordelande eigenskapane til sørvendte vindauge og termoveggar, men reknar berre på varmetap ut av huset.

For å likevel prøve å nå energikrava har vi valt å isolere etter normen som er i TEK10. Kommunen, som godkjenner byggesøknadar, har ikkje så mange andre referansepunkt enn isolasjon og U-verdiar å sjå etter, og enn så lenge vil det vere vanskeleg å få godkjent vårt eige "energirekneskap". Kanskje hadde det då vore meir fornuftig å redusere kostnadar ved å bruke mindre isolasjon? Vi investerer ganske mykje i eit godt oppvarmingsystem og eigen produksjon av straum, og all denne isolasjonen kan difor verke unødvendig.

Men nok om det, vi får sjå om vi kan skrive eit eige innlegg om dette seinare. Og kanskje kan vi få nokon med litt betre forklaringsevne enn oss til å gjesteblogge...

Uansett- i sommar har aktiviteten på hustomta vore liltt lågare på grunn av ferie. Huset vart overlevert frå Montasje AS i midten av juli, og sidan har det vore stillstand før tømraren vår Arvid Bjørvik starta opp arbeidet med lekting og tetting av tak i begynnelsen av august (meir tekst og bilder om det snart).

Tilbake til tema, som jo er isolasjon, isolasjon, isolasjon.... Medan handverkarane har hatt ferie har vi gjort nokre enkle oppgåver sjølve, nemleg å legge golvisolasjon. Det billegaste og vanlegaste alternativet for slik isolasjon er EPS/XPS (isopor). Vi har ein filosofi om å unngå mest mogeleg petroleumsbasert byggemateriale, så dette var ikkje eit alternativ for oss. Vi brukte litt tid på å finne eit materiale som var godt nok og ikkje alt for dyrt, men vi bestemte oss for å bruke 20 cm Rockwool støypeplate og 5 cm Rockwool markplate. Dette gjev ein U-verdi på 0,138. Sjå tverrsnitt av golvoppbygginga under:


Rockwool støypeplata kom i 10 cm tjukkelse, så vi måtte legge 2 lag med støypeplater og 1 lag med markplater. I mellom dei to laga med støypeplate vart det lagt radonduk, noko som er eit krav for å hindre at radongass skal sive inn frå grunnen. Duken vart lagt ned av Tommy Viken frå HAFS Betong. Dei har òg gjort anna grunnarbeid som støyping og muring.

Sjølv om det er ein ganske enkel jobb, så tar det litt tid å leggje så mykje isolasjon. Ein god del av tida går med til å bere isolasjonen på plass og pakke den ut. På store opne areal går legginga raskt og greitt. Så snart ein må skjere i platene tek det litt tid, og det er lurt å ha ein skikkeleg kniv som ikkje har for breitt blad, er skarp og lang nok til å gå gjennom platene.



I stova og på kjøkkenet skal det murast opp termoveggar. Desse veggane treng eit godt fundament å stå på, så vi kunne ikkje leggje Rockwool under desse. Men viss vi ikkje har noko isolasjon der, så vil det bli ei effektiv kuldebru ned i grunnen. Så vi har brukt noko av restane frå Ytongmuren og lagt eit lag med Ytong under fundamenta til termoveggane. Dette gjev god isolasjon og vil tole vekta frå termoveggane. På biletet ser ein ytongblokkene langs med muren. Thermomuren blir murt oppå desse. På det øvre nivået er radonduken allereie lagt.

På bildet under er det øvste laget med isolasjon kome på. Det er nokre kilo med mineralull her!

 

Kom gjerne med innspel til andre tema som er interessante å vite noko om!

H&E

Husprosjektet vårt på Vestlandsrevyen!

Tidlegare denne veka vart vi oppringt av NRK, som ville kome og lage ein reportasje om husprosjektet vårt til Vestlandsrevyen. Veldig kjekt:-) Håvard stilte opp, her kan de sjå resultatet. Ein ørliten redaksjonell glipp (det er dessverre ikkje absolutt alt byggematerialet som er fornybart). Men ellers er vi veldig fornøgde med innslaget!

H&E

Kostnadar og støtteordningar

Vi har fått nokre spørsmål om kostnadar knytt til det å velge nye energi- og miljøløysingar. Når huset er ferdig og vi får oversikt over totalkostnadane skal vi skrive eit eige innlegg om dette og prøve oss på eit oversiktleg reknestykke.

I mellomtida kan vi informere litt om dei støtteordningane vi har søkt på, som har gjort det muleg for oss å velge miljøvenleg. Før vi starta opp prosjektet søkte vi Husbanken om "Kompetansetilskot for berekraftig bustad- og byggkvalitet". Vi fekk løyvd 325 000,- til å tileigne oss kunnskap om nye løysingar, mot at vi vidareformidlar våre vurderingar og val undervegs. Føremålet med ordninga er å stimulere til utvikling og kompetanseheving i bustad- og byggsektoren.

Då vi starta prosessen var der ikkje nokon tilbydar som kunne møte våre behov samla, altså ein totalleveranse på hus i massivtre med nær-null-utsleppstandard og innslag av aktivhus. I tillegg ønskte vi å bruke mest mogleg små og lokale leverandørar. I fråveret av eit ferdighus-konsept som kunne hjelpe oss valgte vi difor å gå for eit arkitektteikna hus og stå for mesteparten av prosjektleiinga sjølve. Mike Befus i Trollvegg Arkitektstudio teikna huset og hjalp oss vidare i verdikjeden på ein veldig god måte, slik at vi kom i kontakt med Montasje AS, som kunne ta over prosjektering og alt som hadde med bestilling og montering av massivtrekonstruksjonen. 

So far, so good. Nokon ekstra kostnadar knytt til miljøval, men ikkje meir enn at vi truleg hadde gått for dette også utan kompetansetilskotet (merk at massivtre kan bli noko dyrare på grunn av materialkostnadane, men det krev mindre tømrararbeid og i nokon tilfelle redusert energibehov, som i teorien skal gje lågare totalkostnadar).  



Når ein kjem over på energiløysingane er saka ei litt anna, sjølv om vi har sett ei svært positiv utvikling i marknaden berre på dei to åra vi har jobba med husprosjektet. Det var ikkje mange tilbydarar av rådgjeving og prosjektering av totalløysingar, men vi fann fram til Jørn Strømholm i Grønn Teknologi Norge, som vi er veldig fornøgde med. Han har prosjektert fjordvarme- og solcelleanlegget, samt kome med råd om ein eventuell vindturbin som vi vil vurdere etterkvart. I tillegg har rådgjevar Rune Pedersen i EPOS Consulting rekna på energibehov og livsløpskostnadar ved ulike løysingar og materialval. Saman har desse vore til god hjelp for oss når det gjeld å vurdere miljø og totaløkonomi, og den private bustadmarknaden kunne hatt godt av fleire slike tilbydarar!   

I nokon tilfelle er det dyrare å gå for den mest miljøvenlege løysinga, til dømes når det gjeld reinsing av vatn og avløp i kombinasjon med kompostering av avfall. Når det gjeld solcelleanlegg har prisane gått jamnt nedover sidan vi først undersøkte marknaden, og i tillegg finst der no solcellepanel som kan leggast direkte på taket. Saman med støtteordninga frå ENOVA nærmar vi oss då eit nivå som matchar tradisjonelle energiløysingar. Dei endelege tala på dette kjem vi tilbake til når huset er ferdig.  

Bildet ovanfor er ei tidleg skisse, sett frå sør. I romma innanfor dei sørvendte vindauga er det teikna inn termoveggar murt i tegl eller naturstein. Poenget med dette er at dei vert varma opp av sollyset som slepp inn, og verkar varmefordelande i rommet. Dette aukar sjølvsagt kostnadane, men bidreg positivt til energirekneskapet. Vi valde likevel å gjere nokre kompromiss, mellom anna å redusere storleiken på dei sørvendte vindauga og takvindauga.  

Oppsummert kan vi vel seie at kompetansetilskotet frå Husbanken har vore avgjerande for oss. Midlane dekker ikkje kostnadane med sjølve dei tekniske løysingane, men vi har fått mulegheit til å hente inn rådgjeving i vurderingane våre. Så håpar vi at våre erfaringar kan hjelpe andre til å gjere gode val. Det bør ikkje vere slik at ein må vere særleg miljøengasjert for å kunne bygge miljøvenleg. Men det hjelper heilt klart på, og for vår del har dette vore veldig lærerikt og spennande så langt!

H&E

 

 

Isolasjon og framføring av elektriske ledningar

No har det skjedd eindel med huset sidan sist, og vi har hatt fullt opp med å ta stilling til alt frå plassering av stikkontakter til farge på vinduskarmar... Av dei 1950 fargekodane gjekk vi for svart. Veldig originalt:-) 

I tillegg til slike "vanlege" vurderingar er der nokre spesielle problemstillingar når ein skal bygge hus i massivtre. Då Trollvegg Arkitektstudio teikna huset prøvde vi å halde fokus på kostnadar. Eit tiltak var å gå for massivtremodular med ein innvendig overflatekvalitet som er så god at der ikkje er behov for tømrararbeid med å kle innerveggane. Vi har framleis nokon lettveggar som ikkje er i massivtre, og som må setjast opp på vanleg måte, men vi trur at dette likevel vil redusere totalkostnadane. Dessutan er det jo veldig fint med innvendige treveggar og store vindu som slepp lyset inn! Bilder av dei innvendige veggane kjem etterkvart.

Sidan dette er det første (og siste) huset vi bygger har vi ikkje noko å samanlikne med, men for elektrikaren er det uvant med slike ferdige overflater. Dei kjem vanlegvis til eit bygg etter at det er tett, og kan montere stikkontaktar og føre fram ledningar inne mellom stenderverket. Så blir isolasjonen lagt på og dei innvendige veggane bygd etterpå, slik at det elektriske anlegget vert skjult. I slike prosjekt har ein nokre anledningar til å tenke seg om og legge til nye punkt dersom ein ser behovet. Slik er det ikkje for massivtrehus...

Dersom ein vil unngå synlege ledningar inne i eit massivtrehus, bør ein planlegge slik at elektrikar kjem på byggeplassen etter at modulane er sett opp, men før isolasjon vert lagt på utsida. Alle trekkerøyr for ledningar førast nemleg fram på utsida og gjennom massivtreveggen inn på kvart kontaktpunkt. Grunnen til at trekkerøyra må ligge mellom massivtreet og isolasjonen er for å unngå utfordringar med kondensering.

Det er utfordrande å få tidsplanen til å gå opp når fleire skal koordinerast, og særleg elektrikaren har hatt det travelt denne veka! Etter kvart som arbeidslaget frå Montasje AS er ferdige med å montere massivtremodulane, har elektrikaren vore på plass og ført fram trekkerøyr, og så har snekkarane gått etter og isolert fortløpande.

Vi har brukt Førde Elektro og Rør AS ved Rune Kvarme, som verkeleg snudd seg rundt og gjort jobben. Vi var nok ikkje så godt førebudd på at alt dette måtte på plass no. Etter at isolasjonen er lagt er det for seint, så vi har brukt eindel tid på å gå gjennom alt. Ellers tenker vi vel at det er ei klassisk problemstilling i alle husprosjekt å bomme litt på nokre stikkontakter her og lyspunkt der...

Men no håpar vi at trekkerøyr for alt av taklys, veggkontaktar, TV og internett er på plass. Vi har fått fram trekkerøyr for solcelleanlegget på taket, ikkje berre på det taket som vi skal ha anlegg på, men også på det austvendte taket er det lagt fram trekkerøyr. Då har vi mulegheit til å setje opp eit anlegg på det taket også ein gong i framtida.

Når snekkarane har lagt på isolasjonen har dei markert trekkerøyra, slik at ein unngår risikoen for å lage hol i dei med skruane, når sløyfene vert festa oppå isolasjonen.

H&E 

 

 

 









 

Besøk frå VG1 Bygg og Anleggsteknikk

I går fekk vi besøk av tre elevar og to lærarar frå Mo og Øyrane vidaregåande skule på byggeplassen:-) Dei fekk omvising og litt informasjon om materialvalg, byggeteknikk, forventa eigenskapar osv. Trur dei synest det var interessant og lærerikt, det var i allefall veldig kjekt for oss å få gode tilbakemeldingar frå fagfolk som sette pris på at vi bygger i massivtre!

Her har lærar Martinus Grov lagt ut litt tekst og nokre bilder på heimesida til skulen: http://moy.vgs.no/cms/moogoyrane/mm.nsf/lupGraphics/Massiv%20hus%20på%20Bjørvikstranda.pdf/$file/Massiv%20hus%20på%20Bjørvikstranda.pdf 



Kjekt med besøk av framtidas tømrarar! Eg lovde å invitere dei til kaffi kokt på solenergi når huset er ferdig:-)

H&E

 

Huset vårt kom på ein trailer!

Nei, det er ikkje heilt rett. Det kom på tre trailerar:-) Tysdag midt i middagen kom det tre svære trailerar og fire varebilar frå Montasje AS inn på tunet. Sigurd på 4 år vart rimeleg gira:-)

Etter litt styr med ein trailer som ikkje klarte svingen, og Håvard som måtte ut med traktoren for å gje drahjelp, kom dei seg ned til tomta.



Neste dag kom det kranbil på plass og dei sette igang med å losse bilane, ein dag etter planen. Dagen før var det det skikkeleg regnvær og berre 6 grader, ikkje ideelt for lossing av massivtre. Elementa bør ikkje bli våte, så dei trakk presenning over etterkvart som dei jobba.

 

Etter at krana kom på plass og elementa vart lossa har arbeidet gått utruleg effektivt! Allereie same dagen som sjølve monteringsarbeidet starta hadde dei sett opp fronten på kjellaren og bereveggane innvendig. Snekkaren vår Arvid Bjørvik (som skal fortsette arbeidet etter at Montasje AS er ferdig) har vore med for å få opp stillas samtidig som kranbil og Montasje jobbar seg oppover.

Slik såg det ut berre etter første dagen, og då hadde dei berre hatt nokre timar på seg etter at siste traileren var lossa (bildet over - fronten på kjellaren mot aust).

Meir detaljar og bilder av massivtre-elementa kjem etterkvart!

H&E

 

Solcelleanlegg - tekniske spesifikasjonar

Ok, her må vi berre advare på førehand. Dette er teknisk, og kanskje berre for spesielt interesserte ;)

Lågspentnettet i området der vi bygger er eit eldre IT-nett. I dag vert det i hovudsak bygd såkalla TN-nett. Skilnaden på IT-nett og TN-nett ligg i 3-fase systemet.

Eit IT-nett har 230 V mellom kvar av dei tre leiarane i kabelen som kjem inn til huset. Inne i huset brukar ein berre to av leiarane. Eit TN-nett har 400 V mellom dei tre leiarane, og i tillegg ein leiar som er nøytral. Inne i huset tek ein ut berre ein leiar og den leiaren som er nøytral. I begge tilfella får ein 230 V i stikkontaktane, og ein treng ikkje tenke på om det er IT eller TN-nett.

Problemet melder seg dersom ein har teknisk utstyr som brukar 3 fasar, og det gjer varmepumpa som distribuerer golvvarme og varmar opp vatn. Då blir det likevel stor forskjell på om det er IT-nett eller TN-nett, og vi må konvertere straumen frå solcellene til 3 fase IT-nett. Dette kan by på utfordringar fordi IT-nett er svært uvanleg i andre land enn Noreg, og dei store produsentane av solceller og inverterar leverer ikkje utstyr tilpassa IT-nett.

Løysinga vår på dette er at vi brukar 3 inverterar, som lagar kvar sin fase. Så deler vi solcellene inn i tre like store grupper, og kvar gruppe leverer til kvar sin inverter. Dermed klarer vi å lage ein balansert 3 fase med 230 V i kvar fase.

Problem solved, takk til Jørn i Grønn Energi Norge :)

Solcelleanlegget som vert levert av Miljø og Energi AS har desse komponentane (må koplast av autorisert elektrikar):

- 24 stk . Panasonic N235B HIT (høg verknadsgrad og veldig god byggekvalitet)

- 1 stk. SMA SB 5000-TL 1 fase 230V (inverter som omformar frå likestraum til vekselstraum)

- 6mm2 DC-kablar

- DC-brytarskap for utkobling av DC-strengane (brytarar mellom solcellene og inverterane)

- SMA Sunny Home manager monitoreringsverktøy (kan koplast mot det sentrale styringssystemet)

- MC4- koblingar på DC-sida

- Komplett K2-festesytem Solidrail-Alpin medium, som inkluderer:
> Monteringssett til skinnene til festebrakettane
> Festebraketter for montering av modulane til skinnene (20mm mellom modulane)
> Endefester (i topp og botn på taket - 25mm få modulkant til endebeslag mot torvtak)
> Mellomfester i smal versjon (13 mm mellom modulane)
> Skruar med EPDM-pakning som går i bjelkelaget, slik at torvtak og solpanel kjem i same høgde

H&E




Energiløysingar i huset

Planen for huset vårt er at det i snitt skal produsere like mykje energi som det forbrukar, altså oppfylle krav til nullutslepp-standard. I tillegg har vi nokre element som kjenneteiknar såkalla aktivhus, til dømes innvendige varmefordelande termoveggar, sørvendte takvindu og diffusjonsopne overflater i tre. Om vi klarer å kome ned på nullutslepp-standard i huset si levetid er vanskeleg å seie på førehand, sidan vi bygger eit relativt stort hus og ynskjer å bruke naturleg ventilasjon. Begge desse faktorane tilseier at energibehovet til oppvarming vert nokså stort.

For å få til dette er planen at vi skal hente energi frå fjorden for å bruke den til oppvarming av huset. Så installerer vi solceller på taket for å produsere den straumen vi treng. Vi har fått konsulenthjelp frå Rune Pedersen i Stryn til å berekne energibehovet til oppvarming gjennom året, og vi brukar Grøn Energi Norge ved Jørn Strømholm til å prosjektere energisystemet med solceller og varmepumpe.

Det sørvendte takarealet på huset vil truleg ikkje vere stort nok til å produsere den straumen vi treng, så vi har prosjektert med solceller på takarealet til garasjen òg. Eit alternativ som vi òg vurderer er å kombinere med ei lita vindmølle. Denne vil passe godt saman med solceller, sidan det som regel er anten sol eller vind på tomta.

Eit viktig poeng som vi må ta omsyn til er energilagring, sidan det ikkje alltid er godt dagslys eller solskin på dei tidspunkta vi har mest bruk for energi. For å ta vare på den energien som vert generert i dei mest solrike timane kan ein til dømes installere eit batteri, dette vil òg vere den mest økonomiske løysinga. Ulempa er at batteri med god nok kapasitet er nokså dyre per i dag. Prisane er rett nok på veg nedover, så vi vil legge til rette for tilkopling av batteri ved eit seinare høve. I første omgang ynskjer vi difor å levere straum tilbake på nettet. Netteigar Sunnfjord Energi har ikkje tidlegare hatt såkalla plusskundar, men i juni kjem det nye forskrifter der nettselskapa vert pålagt å ta imot straum frå private husstandar. Då blir vi truleg blant dei første!

Det kjem snart litt meir tekniske detaljar rundt dette, i mellomtida legg vi ut fasadeteikningar og det prosjekterte solcelleanlegget:-)

H&E

 

 






Vinteren er over, no skjer det!

Det har skjedd eindel sidan siste bloggpost! No er veg og tomt klar, og grunnarbeidet er så godt som ferdig. Massivtre-elementa og arbeidslaget frå Montasje AS kjem første veka i juni. Fantastisk, vi gler oss!

Vi går for Ytong porebetong i grunnmuren, og skal isolere med mineralull i golv mot grunn. Porebetong er eit varmeisolerande, berande, ubrennbart og lydisolerande materiale som er lett å arbeide med. Mineralull har gode isolasjonseigenskapar, det er eit dødt materiale og er difor ikkje så utsett for skader på grunn av fukt, og det har lang levetid.

 Når det gjeld vektinga mellom eigenskapar, miljø og økonomi har vi gjort følgjande vurderingar:

- Porebetong er meir miljøvenleg å framstille enn vanleg betong, då luftboblene bles opp volumet og reduserer behovet for sement i blokkene

- Kostnadane ved bruk av porebetong vert etter våre utrekningar omtrent dei same som for vanleg betong (ventar riktignok spent på faktura frå entreprenøren...) 

- Foamglas som isolasjon mot grunn vart for dyrt, rett og slett, og miljøomsynet måtte vike for økonomien 

- Kompromisset vart mineralull, som ligg omtrent midt mellom foamglas og isopor i pris, men som ikkje er like miljøbelastande i produksjon  






I desse vurderingane har vi fått veldig proff hjelp frå vår gode venn og ENØK/LCA-ekspert Rune Pedersen. Kva han har funne ut om livsløpskostnadane til huset og dei ulike byggemateriala skal de få vite meir om i neste post:-)

H&E 

Tankar rundt isolasjonsmateriale

Sidan vi skal byggje eit miljøhus, og vi ynskjer at den totale ressursbruken over heile levetida til bygget skal vere så låg som mogeleg, så må vi velje riktige byggematerialer. Dette er litt av grunnen til at vi har valt å byggje i massivtre. Men det er mykje anna materialer som skal til for å byggje eit hus. Ein treng blant anna betong og isolasjon. Betong og tradisjonelle isolasjonsmaterialer som steinull, mineralull og EPS (Isopor) er svært ressurskrevjande å produsere. Vi har difor den siste tida undersøkt ein del rundt alternative isolasjonsmaterialer og reduksjon i bruken av betong.

Det første vi såg på var kjellarmuren vår. Den var i utgangspunktet prosjektert som ein Yakon thermomur 350. Dvs. ein mur som er bygd opp med element som legoklossar der det er isolasjon på innsida og utsida. Når muren er sett opp så legg ein armering og betong i mellom dei to isolasjonslaga. Dette gjev ein god mur som isolerer godt, og der den vanlegaste måten å bygge isolerte murveggar i Norge for tida. Ulempa med dette er at isolasjonmaterialet er EPS, og det går med ein del betong. Det går med ganske mykje energi ved produksjon av både EPS og betong. Akkurat kor mykje veit eg ikkje, men det er noko vi kjem tilbake til når vi har fått utført livsløpsanalysen.

Etter litt leiting fann vi ut at vi kan bygge muren på ein heilt anna måte. Vi fann eit produkt som heiter Ytong (http://www.ytongsiporex.no/). Dette er i utgangspunktet store mursteinar som er laga i porebetong. Porebetong er betong produsert på ein slik måte at den inneheld mange små luftlommer. Dette gjer at muren isolerer svært godt. Ein kan lage ein mur som er 35 cm tjukk og ha ein U-verdi på 0,22. Det finst ei spesiell isolasjonblokk som lagar ein mur som er 40 cm og har ein U-verdi på 0,15. Noko som er veldig bra med tanke på at det er ei massiv blokk og ingen ekstra isolasjonslag.

Vi har ikkje bestemt oss enno, men vi har god tru på Ytong og vi ynskjer å gå for det.

Den andre vi vurderer er isolasjonsmaterialet mot grunn under golv. Her er det aller mest vanleg å bruke EPS (Isopor). Det ynskjer vi å unngå. Det første vi såg på var glasopor (http://www.glasopor.no). Dette er produsert av resirkulert glas og er eit lettfyllingsmateriale. Det verkar svært lovande, men ein kan berre få det som "småsteinar" 10-60. Det fungerer supert som fyllingsmateriale, men viss vi skal bruke det som isolasjon under golvet må vi ha 55 cm for å få same isolasjon som 25 cm med EPS.

Så fann vi noko som heiter foamglas (http://www.foamglas.no). Dette er i prinsippet det same som glasopor, produsert av resirkulert glas. Det kjem i plater og er svært praktisk å bruke. Det gjev også nesten like god isolasjon som EPS. 28 cm med foamglas vil gje ein U-verdi på 0,15. Ulempa med dette er prisen. Foamglas er mellom 3 og 4 gongar så dyrt som EPS. Men viss ein ser på det i forhold til det totale budsjettet på huset, så utgjer det relativt lite.

Konklusjonen er at vi ynskjer å bygge grunnmuren med Ytong, og så isolere med foamglas mot grunn under golv.

Kvifor massivtre?

Vi har valgt å bygge huset vårt i massivtre. Sidan tre er ein fornybar naturressurs er det relativt liten miljøpåverknad forbunde med å bygge i dette materialet, føresett at trevirket er henta frå berekraftig forvalta skog. Nokre andre miljøfordelar: 

  • Auka bruk av tre reduserar CO2-utslepp
  • Foredlingsprosessane er ofte basert på fornybar energi
  • Meir bruk av tre og mindre bruk av kunstige materiale gjev betre inneklima
  • Gjenvinning og gjenbruk av treavfall er enkelt og ofte lokalt tilgjengeleg
  • Ubehandla tre av god kvalitet er bortimot vedlikehaldsfritt og krev ikkje bruk av kjemikaliar

Massivtre er ein måte å rasjonalisere og industrialisere bruken av tre som byggemateriale. Massivtre-elementa er treplankar som er lagt ved sida av kvarandre eller i kryss, lagvis og pressa saman med lim, pluggar eller stålstag. Treplankane dannar eit byggelement som normalt er 120 cm breitt og opp til 14 meter langt. Tjukkelsen på elementa varierer med bruksområde.

  • Høg grad av fleksibilitet (arkitektens draum...)
  • Gode brannsikre eigenskapar
  • Lav eigenvekt
  • Gode miljøeigenskapar
  • Enkelt å bearbeide
  • God totaløkonomi

No er teikningane klare (kjem snart på bloggen!) og vi har inngått avtale med Montasje AS, som skal levere og setje opp huset. Hektisk og spennande periode, det er mange avgjerder som må takast no. Til dømes valget mellom aktiv- eller passivhusstandard (kjem òg snart på bloggen!)

H&E

 

 

 

Velkomen til vår blogg om "prosjekt miljøhus"!

"Vi" er mann og kone, Håvard og Elisabet. Sommaren 2011 flytta vi frå Trondheim til odelsgarden i Bygstad, Håvard sin heimstad i Sunnfjord. Vi bestemte oss tidleg for å bygge hus på vår favorittplass på garden, eit nes som ligg nydeleg til med utsikt både innover og utover fjorden. Innimellom fulltidsjobbar, deltidslandbruk og to barnefødslar er det lite anna enn papirarbeidet vi har hatt tid til så langt i husprosjektet. Men no, endeleg, er vi kome i gang ute i terrenget! Rett nok er det berre tilkomstveg og tomt som er påbegynt, men det kjennes bra like fullt, etter all ventetida.

Vår visjon er å leve på ein måte som er berekraftig både for menneske og miljø. Huset må difor legge til rette for eit moderat forbruk, effektiv utnytting av energi, gjenbruk og delvis sjølvforsyning. I "prosjekt mlijøhus" har vi difor som mål om å føre opp eit aktivhus i massivtre, med minst mogleg utslepp i byggefasen og i huset si levetid. Meir om dette seinare!   

På bloggen vil vi poste oppdateringar frå planlegging, prosjektering og byggefase. Og kanskje nokre interiør-godbitar når vi er kome innomhus... Kom gjerne med ønske om kva de vil lese om på bloggen!

Les mer i arkivet » Desember 2016 » Februar 2016 » Januar 2016
hits