Velkomen til vår blogg om "prosjekt miljøhus"!

"Vi" er mann og kone, Håvard og Elisabet. Sommaren 2011 flytta vi frå Trondheim til odelsgarden i Bygstad, Håvard sin heimstad i Sunnfjord. Vi bestemte oss tidleg for å bygge hus på vår favorittplass på garden, eit nes som ligg nydeleg til med utsikt både innover og utover fjorden. Innimellom fulltidsjobbar, deltidslandbruk og to barnefødslar er det lite anna enn papirarbeidet vi har hatt tid til så langt i husprosjektet. Men no, endeleg, er vi kome i gang ute i terrenget! Rett nok er det berre tilkomstveg og tomt som er påbegynt, men det kjennes bra like fullt, etter all ventetida.

Vår visjon er å leve på ein måte som er berekraftig både for menneske og miljø. Huset må difor legge til rette for eit moderat forbruk, effektiv utnytting av energi, gjenbruk og delvis sjølvforsyning. I "prosjekt mlijøhus" har vi difor som mål om å føre opp eit aktivhus i massivtre, med minst mogleg utslepp i byggefasen og i huset si levetid. Meir om dette seinare!   

På bloggen vil vi poste oppdateringar frå planlegging, prosjektering og byggefase. Og kanskje nokre interiør-godbitar når vi er kome innomhus... Kom gjerne med ønske om kva de vil lese om på bloggen!

2 kommentarer

Liten fugl

15.05.2015 kl.11:45

Vi gler oss til å følge med på dette prosjektet! Har noko i samme gata på gang sjølv, ombygging av eit gammalt hus til eit omtrent-aktivhus med solfangarar på veggen og vannkappe-peis tilknytta vannbåren varme. ikkje så mykje på bloggen min enno, men det kjem nok, for riving og bygging startar no! inspirerande å lese om andre sine planar :)

Bjørvik Miljøhus

15.05.2015 kl.12:32

Liten fugl: Det høyres spennande ut! Vi vurderte òg ein kombinasjon av solfangarar og vedfyring til oppvarming, men gjekk altså for fjordvarme sidan vi bygger rett ved sjøen:-)

Skriv en ny kommentar

Bjørvik Miljøhus

Bjørvik Miljøhus

34, Gaular

Familie på fire som skal bygge miljøvenleg hus på vakre Bjørvikneset!

Kategorier

Arkiv

hits