Tankar rundt isolasjonsmateriale

Sidan vi skal byggje eit miljøhus, og vi ynskjer at den totale ressursbruken over heile levetida til bygget skal vere så låg som mogeleg, så må vi velje riktige byggematerialer. Dette er litt av grunnen til at vi har valt å byggje i massivtre. Men det er mykje anna materialer som skal til for å byggje eit hus. Ein treng blant anna betong og isolasjon. Betong og tradisjonelle isolasjonsmaterialer som steinull, mineralull og EPS (Isopor) er svært ressurskrevjande å produsere. Vi har difor den siste tida undersøkt ein del rundt alternative isolasjonsmaterialer og reduksjon i bruken av betong.

Det første vi såg på var kjellarmuren vår. Den var i utgangspunktet prosjektert som ein Yakon thermomur 350. Dvs. ein mur som er bygd opp med element som legoklossar der det er isolasjon på innsida og utsida. Når muren er sett opp så legg ein armering og betong i mellom dei to isolasjonslaga. Dette gjev ein god mur som isolerer godt, og der den vanlegaste måten å bygge isolerte murveggar i Norge for tida. Ulempa med dette er at isolasjonmaterialet er EPS, og det går med ein del betong. Det går med ganske mykje energi ved produksjon av både EPS og betong. Akkurat kor mykje veit eg ikkje, men det er noko vi kjem tilbake til når vi har fått utført livsløpsanalysen.

Etter litt leiting fann vi ut at vi kan bygge muren på ein heilt anna måte. Vi fann eit produkt som heiter Ytong (http://www.ytongsiporex.no/). Dette er i utgangspunktet store mursteinar som er laga i porebetong. Porebetong er betong produsert på ein slik måte at den inneheld mange små luftlommer. Dette gjer at muren isolerer svært godt. Ein kan lage ein mur som er 35 cm tjukk og ha ein U-verdi på 0,22. Det finst ei spesiell isolasjonblokk som lagar ein mur som er 40 cm og har ein U-verdi på 0,15. Noko som er veldig bra med tanke på at det er ei massiv blokk og ingen ekstra isolasjonslag.

Vi har ikkje bestemt oss enno, men vi har god tru på Ytong og vi ynskjer å gå for det.

Den andre vi vurderer er isolasjonsmaterialet mot grunn under golv. Her er det aller mest vanleg å bruke EPS (Isopor). Det ynskjer vi å unngå. Det første vi såg på var glasopor (http://www.glasopor.no). Dette er produsert av resirkulert glas og er eit lettfyllingsmateriale. Det verkar svært lovande, men ein kan berre få det som "småsteinar" 10-60. Det fungerer supert som fyllingsmateriale, men viss vi skal bruke det som isolasjon under golvet må vi ha 55 cm for å få same isolasjon som 25 cm med EPS.

Så fann vi noko som heiter foamglas (http://www.foamglas.no). Dette er i prinsippet det same som glasopor, produsert av resirkulert glas. Det kjem i plater og er svært praktisk å bruke. Det gjev også nesten like god isolasjon som EPS. 28 cm med foamglas vil gje ein U-verdi på 0,15. Ulempa med dette er prisen. Foamglas er mellom 3 og 4 gongar så dyrt som EPS. Men viss ein ser på det i forhold til det totale budsjettet på huset, så utgjer det relativt lite.

Konklusjonen er at vi ynskjer å bygge grunnmuren med Ytong, og så isolere med foamglas mot grunn under golv.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Bjørvik Miljøhus

Bjørvik Miljøhus

34, Gaular

Familie på fire som skal bygge miljøvenleg hus på vakre Bjørvikneset!

Kategorier

Arkiv

hits