Energiløysingar i huset

Planen for huset vårt er at det i snitt skal produsere like mykje energi som det forbrukar, altså oppfylle krav til nullutslepp-standard. I tillegg har vi nokre element som kjenneteiknar såkalla aktivhus, til dømes innvendige varmefordelande termoveggar, sørvendte takvindu og diffusjonsopne overflater i tre. Om vi klarer å kome ned på nullutslepp-standard i huset si levetid er vanskeleg å seie på førehand, sidan vi bygger eit relativt stort hus og ynskjer å bruke naturleg ventilasjon. Begge desse faktorane tilseier at energibehovet til oppvarming vert nokså stort.

For å få til dette er planen at vi skal hente energi frå fjorden for å bruke den til oppvarming av huset. Så installerer vi solceller på taket for å produsere den straumen vi treng. Vi har fått konsulenthjelp frå Rune Pedersen i Stryn til å berekne energibehovet til oppvarming gjennom året, og vi brukar Grøn Energi Norge ved Jørn Strømholm til å prosjektere energisystemet med solceller og varmepumpe.

Det sørvendte takarealet på huset vil truleg ikkje vere stort nok til å produsere den straumen vi treng, så vi har prosjektert med solceller på takarealet til garasjen òg. Eit alternativ som vi òg vurderer er å kombinere med ei lita vindmølle. Denne vil passe godt saman med solceller, sidan det som regel er anten sol eller vind på tomta.

Eit viktig poeng som vi må ta omsyn til er energilagring, sidan det ikkje alltid er godt dagslys eller solskin på dei tidspunkta vi har mest bruk for energi. For å ta vare på den energien som vert generert i dei mest solrike timane kan ein til dømes installere eit batteri, dette vil òg vere den mest økonomiske løysinga. Ulempa er at batteri med god nok kapasitet er nokså dyre per i dag. Prisane er rett nok på veg nedover, så vi vil legge til rette for tilkopling av batteri ved eit seinare høve. I første omgang ynskjer vi difor å levere straum tilbake på nettet. Netteigar Sunnfjord Energi har ikkje tidlegare hatt såkalla plusskundar, men i juni kjem det nye forskrifter der nettselskapa vert pålagt å ta imot straum frå private husstandar. Då blir vi truleg blant dei første!

Det kjem snart litt meir tekniske detaljar rundt dette, i mellomtida legg vi ut fasadeteikningar og det prosjekterte solcelleanlegget:-)

H&E

 

 






2 kommentarer

Ylva TT

22.05.2015 kl.09:25

Heia!

Artig blogg (ikkje misunneleg på husbygginga i det heile neida). Men eit lite spm: Kvifor i det heile "bry" seg med batteri når ein kan levere til straumnettet? Vil ikkje det halde? Einleverer straum når ein ikkje treng den og får når ein treng - blir jo ei form for lagring. Eller? Kostnadar kanskje?

Bjørvik Miljøhus

22.05.2015 kl.20:47

Ylva TT: Jo, levering til nettet er ei form for lagring, og truleg eit ganske miljøvenleg alternativ her i Noreg, sidan vasskraft er lett å regulere, til forskjel frå fossile energikjelder. Ulempen med å levere til nettet i Noreg er at vi med dagens system får vi mindre for den straumen vi leverer, enn det vi må betale for den vi hentar ut. I enkelte andre land har dei eigne ordningar for dette, til dømes i Tyskland der det er såkalla "feed in-tariffar" frå private plusskundar med solceller.

Skriv en ny kommentar

Bjørvik Miljøhus

Bjørvik Miljøhus

34, Gaular

Familie på fire som skal bygge miljøvenleg hus på vakre Bjørvikneset!

Kategorier

Arkiv

hits