Isolasjon og framføring av elektriske ledningar

No har det skjedd eindel med huset sidan sist, og vi har hatt fullt opp med å ta stilling til alt frå plassering av stikkontakter til farge på vinduskarmar... Av dei 1950 fargekodane gjekk vi for svart. Veldig originalt:-) 

I tillegg til slike "vanlege" vurderingar er der nokre spesielle problemstillingar når ein skal bygge hus i massivtre. Då Trollvegg Arkitektstudio teikna huset prøvde vi å halde fokus på kostnadar. Eit tiltak var å gå for massivtremodular med ein innvendig overflatekvalitet som er så god at der ikkje er behov for tømrararbeid med å kle innerveggane. Vi har framleis nokon lettveggar som ikkje er i massivtre, og som må setjast opp på vanleg måte, men vi trur at dette likevel vil redusere totalkostnadane. Dessutan er det jo veldig fint med innvendige treveggar og store vindu som slepp lyset inn! Bilder av dei innvendige veggane kjem etterkvart.

Sidan dette er det første (og siste) huset vi bygger har vi ikkje noko å samanlikne med, men for elektrikaren er det uvant med slike ferdige overflater. Dei kjem vanlegvis til eit bygg etter at det er tett, og kan montere stikkontaktar og føre fram ledningar inne mellom stenderverket. Så blir isolasjonen lagt på og dei innvendige veggane bygd etterpå, slik at det elektriske anlegget vert skjult. I slike prosjekt har ein nokre anledningar til å tenke seg om og legge til nye punkt dersom ein ser behovet. Slik er det ikkje for massivtrehus...

Dersom ein vil unngå synlege ledningar inne i eit massivtrehus, bør ein planlegge slik at elektrikar kjem på byggeplassen etter at modulane er sett opp, men før isolasjon vert lagt på utsida. Alle trekkerøyr for ledningar førast nemleg fram på utsida og gjennom massivtreveggen inn på kvart kontaktpunkt. Grunnen til at trekkerøyra må ligge mellom massivtreet og isolasjonen er for å unngå utfordringar med kondensering.

Det er utfordrande å få tidsplanen til å gå opp når fleire skal koordinerast, og særleg elektrikaren har hatt det travelt denne veka! Etter kvart som arbeidslaget frå Montasje AS er ferdige med å montere massivtremodulane, har elektrikaren vore på plass og ført fram trekkerøyr, og så har snekkarane gått etter og isolert fortløpande.

Vi har brukt Førde Elektro og Rør AS ved Rune Kvarme, som verkeleg snudd seg rundt og gjort jobben. Vi var nok ikkje så godt førebudd på at alt dette måtte på plass no. Etter at isolasjonen er lagt er det for seint, så vi har brukt eindel tid på å gå gjennom alt. Ellers tenker vi vel at det er ei klassisk problemstilling i alle husprosjekt å bomme litt på nokre stikkontakter her og lyspunkt der...

Men no håpar vi at trekkerøyr for alt av taklys, veggkontaktar, TV og internett er på plass. Vi har fått fram trekkerøyr for solcelleanlegget på taket, ikkje berre på det taket som vi skal ha anlegg på, men også på det austvendte taket er det lagt fram trekkerøyr. Då har vi mulegheit til å setje opp eit anlegg på det taket også ein gong i framtida.

Når snekkarane har lagt på isolasjonen har dei markert trekkerøyra, slik at ein unngår risikoen for å lage hol i dei med skruane, når sløyfene vert festa oppå isolasjonen.

H&E 

 

 

 









 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Bjørvik Miljøhus

Bjørvik Miljøhus

34, Gaular

Familie på fire som skal bygge miljøvenleg hus på vakre Bjørvikneset!

Kategorier

Arkiv

hits