Kostnadar og støtteordningar

Vi har fått nokre spørsmål om kostnadar knytt til det å velge nye energi- og miljøløysingar. Når huset er ferdig og vi får oversikt over totalkostnadane skal vi skrive eit eige innlegg om dette og prøve oss på eit oversiktleg reknestykke.

I mellomtida kan vi informere litt om dei støtteordningane vi har søkt på, som har gjort det muleg for oss å velge miljøvenleg. Før vi starta opp prosjektet søkte vi Husbanken om "Kompetansetilskot for berekraftig bustad- og byggkvalitet". Vi fekk løyvd 325 000,- til å tileigne oss kunnskap om nye løysingar, mot at vi vidareformidlar våre vurderingar og val undervegs. Føremålet med ordninga er å stimulere til utvikling og kompetanseheving i bustad- og byggsektoren.

Då vi starta prosessen var der ikkje nokon tilbydar som kunne møte våre behov samla, altså ein totalleveranse på hus i massivtre med nær-null-utsleppstandard og innslag av aktivhus. I tillegg ønskte vi å bruke mest mogleg små og lokale leverandørar. I fråveret av eit ferdighus-konsept som kunne hjelpe oss valgte vi difor å gå for eit arkitektteikna hus og stå for mesteparten av prosjektleiinga sjølve. Mike Befus i Trollvegg Arkitektstudio teikna huset og hjalp oss vidare i verdikjeden på ein veldig god måte, slik at vi kom i kontakt med Montasje AS, som kunne ta over prosjektering og alt som hadde med bestilling og montering av massivtrekonstruksjonen. 

So far, so good. Nokon ekstra kostnadar knytt til miljøval, men ikkje meir enn at vi truleg hadde gått for dette også utan kompetansetilskotet (merk at massivtre kan bli noko dyrare på grunn av materialkostnadane, men det krev mindre tømrararbeid og i nokon tilfelle redusert energibehov, som i teorien skal gje lågare totalkostnadar).  



Når ein kjem over på energiløysingane er saka ei litt anna, sjølv om vi har sett ei svært positiv utvikling i marknaden berre på dei to åra vi har jobba med husprosjektet. Det var ikkje mange tilbydarar av rådgjeving og prosjektering av totalløysingar, men vi fann fram til Jørn Strømholm i Grønn Teknologi Norge, som vi er veldig fornøgde med. Han har prosjektert fjordvarme- og solcelleanlegget, samt kome med råd om ein eventuell vindturbin som vi vil vurdere etterkvart. I tillegg har rådgjevar Rune Pedersen i EPOS Consulting rekna på energibehov og livsløpskostnadar ved ulike løysingar og materialval. Saman har desse vore til god hjelp for oss når det gjeld å vurdere miljø og totaløkonomi, og den private bustadmarknaden kunne hatt godt av fleire slike tilbydarar!   

I nokon tilfelle er det dyrare å gå for den mest miljøvenlege løysinga, til dømes når det gjeld reinsing av vatn og avløp i kombinasjon med kompostering av avfall. Når det gjeld solcelleanlegg har prisane gått jamnt nedover sidan vi først undersøkte marknaden, og i tillegg finst der no solcellepanel som kan leggast direkte på taket. Saman med støtteordninga frå ENOVA nærmar vi oss då eit nivå som matchar tradisjonelle energiløysingar. Dei endelege tala på dette kjem vi tilbake til når huset er ferdig.  

Bildet ovanfor er ei tidleg skisse, sett frå sør. I romma innanfor dei sørvendte vindauga er det teikna inn termoveggar murt i tegl eller naturstein. Poenget med dette er at dei vert varma opp av sollyset som slepp inn, og verkar varmefordelande i rommet. Dette aukar sjølvsagt kostnadane, men bidreg positivt til energirekneskapet. Vi valde likevel å gjere nokre kompromiss, mellom anna å redusere storleiken på dei sørvendte vindauga og takvindauga.  

Oppsummert kan vi vel seie at kompetansetilskotet frå Husbanken har vore avgjerande for oss. Midlane dekker ikkje kostnadane med sjølve dei tekniske løysingane, men vi har fått mulegheit til å hente inn rådgjeving i vurderingane våre. Så håpar vi at våre erfaringar kan hjelpe andre til å gjere gode val. Det bør ikkje vere slik at ein må vere særleg miljøengasjert for å kunne bygge miljøvenleg. Men det hjelper heilt klart på, og for vår del har dette vore veldig lærerikt og spennande så langt!

H&E

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Bjørvik Miljøhus

Bjørvik Miljøhus

34, Gaular

Familie på fire som skal bygge miljøvenleg hus på vakre Bjørvikneset!

Kategorier

Arkiv

hits