Isolering, isolering, isolering

For å vere heilt ærleg. Er det verkeleg nødvendig med så mykje isolasjon?? Eit lite innlegg om praktiske konsekvensar, og nokon økonomiske, av tekniske krav :-)

Altså: Huset vårt vil produsere sin eigen energi gjennom fjordvarme, solenergi og vindkraft. Etter forskriftene innfrir vi likevel ikkje krava til maksimalt energiforbruk, fordi 1) vi ønsker å redusere kostnadar og ha betre inneklima ved å bruke naturleg ventilasjon, noko som gjer varmetapet større, først og fremst på grunn av utluftinga og 2) forskriftene tek ikkje omsyn til eigenprodusert energi, og heller ikkje dei varmefordelande eigenskapane til sørvendte vindauge og termoveggar, men reknar berre på varmetap ut av huset.

For å likevel prøve å nå energikrava har vi valt å isolere etter normen som er i TEK10. Kommunen, som godkjenner byggesøknadar, har ikkje så mange andre referansepunkt enn isolasjon og U-verdiar å sjå etter, og enn så lenge vil det vere vanskeleg å få godkjent vårt eige "energirekneskap". Kanskje hadde det då vore meir fornuftig å redusere kostnadar ved å bruke mindre isolasjon? Vi investerer ganske mykje i eit godt oppvarmingsystem og eigen produksjon av straum, og all denne isolasjonen kan difor verke unødvendig.

Men nok om det, vi får sjå om vi kan skrive eit eige innlegg om dette seinare. Og kanskje kan vi få nokon med litt betre forklaringsevne enn oss til å gjesteblogge...

Uansett- i sommar har aktiviteten på hustomta vore liltt lågare på grunn av ferie. Huset vart overlevert frå Montasje AS i midten av juli, og sidan har det vore stillstand før tømraren vår Arvid Bjørvik starta opp arbeidet med lekting og tetting av tak i begynnelsen av august (meir tekst og bilder om det snart).

Tilbake til tema, som jo er isolasjon, isolasjon, isolasjon.... Medan handverkarane har hatt ferie har vi gjort nokre enkle oppgåver sjølve, nemleg å legge golvisolasjon. Det billegaste og vanlegaste alternativet for slik isolasjon er EPS/XPS (isopor). Vi har ein filosofi om å unngå mest mogeleg petroleumsbasert byggemateriale, så dette var ikkje eit alternativ for oss. Vi brukte litt tid på å finne eit materiale som var godt nok og ikkje alt for dyrt, men vi bestemte oss for å bruke 20 cm Rockwool støypeplate og 5 cm Rockwool markplate. Dette gjev ein U-verdi på 0,138. Sjå tverrsnitt av golvoppbygginga under:


Rockwool støypeplata kom i 10 cm tjukkelse, så vi måtte legge 2 lag med støypeplater og 1 lag med markplater. I mellom dei to laga med støypeplate vart det lagt radonduk, noko som er eit krav for å hindre at radongass skal sive inn frå grunnen. Duken vart lagt ned av Tommy Viken frå HAFS Betong. Dei har òg gjort anna grunnarbeid som støyping og muring.

Sjølv om det er ein ganske enkel jobb, så tar det litt tid å leggje så mykje isolasjon. Ein god del av tida går med til å bere isolasjonen på plass og pakke den ut. På store opne areal går legginga raskt og greitt. Så snart ein må skjere i platene tek det litt tid, og det er lurt å ha ein skikkeleg kniv som ikkje har for breitt blad, er skarp og lang nok til å gå gjennom platene.



I stova og på kjøkkenet skal det murast opp termoveggar. Desse veggane treng eit godt fundament å stå på, så vi kunne ikkje leggje Rockwool under desse. Men viss vi ikkje har noko isolasjon der, så vil det bli ei effektiv kuldebru ned i grunnen. Så vi har brukt noko av restane frå Ytongmuren og lagt eit lag med Ytong under fundamenta til termoveggane. Dette gjev god isolasjon og vil tole vekta frå termoveggane. På biletet ser ein ytongblokkene langs med muren. Thermomuren blir murt oppå desse. På det øvre nivået er radonduken allereie lagt.

På bildet under er det øvste laget med isolasjon kome på. Det er nokre kilo med mineralull her!

 

Kom gjerne med innspel til andre tema som er interessante å vite noko om!

H&E

2 kommentarer

Birger

29.04.2016 kl.11:59

Hei!

Hvordan har Rockwools markplateisolasjon oppført seg etter at betongen ble lagt på. Synker det noe/skal det synke noe eller bærer den vekta til betongen?

Bjørvik Miljøhus

30.12.2016 kl.12:39

Hei Birger, beklager seint svar... Vi har vore litt, hm, opptekne siste halve året:-) Den ser ut til å oppføre seg slik den skal. Huset ellers er litt i bevegelse sidan det er mykje tre (vi har måtta justere litt dører, og vi ser at skillet mellom teglsteinsmurane og treverket glipper litt), men akkurat betonggolvet er ok. Skal rapportere dersom det endrar seg. Har de fått inn noko som kan tyde på at det synker?

Skriv en ny kommentar

Bjørvik Miljøhus

Bjørvik Miljøhus

36, Gaular

Familie på fire som skal bygge miljøvenleg hus på vakre Bjørvikneset!

Kategorier

Arkiv

hits