Kledning i kjerneved furu

No er det lenge sidan sist! Tømrarane har vore ferdige utandørs ei stund, og no er elektrikarar og røyrleggarar i gang innandørs før vi støyper golv. Utandørs er kledningen komen på, vindauga er på plass og taket er tett. Det manglar framleis nokre dører, men dei får vi på plass om eitpar veker.

Kledningen vår er av kjerneved furu. Det inneber at treverket har ein slik kvalitet at det ikkje treng impregnering. Det skal heller ikkje malast eller beisast. Vi gler oss til dei neste tiåra utan å stresse med vedlikehald av huset utvendig😊 Bortsett frå torvtaket som må trimmast då... Når ein ikkje behandlar overflata av trevirket, vil treet etterkvart gråne og til slutt få ein sølvgrå patina. Frå gamalt av er dette heilt vanleg, og treveggar som er laga av trevirke av god kvalitet og med rett konstruksjon kan vare i 100 år.

Det kan vere nokon som er skeptiske til å la kledningen stå ubehandla. Ein grunn til det kan sjølvsagt vere det estetiske,ein annan grunn, som er aktuell på vestlandet, er at det er så fuktig klima her. Hausten og vinteren kan bestå av vekesvis med samanhengane regn og fuktig vær. Dette er gjerne i kombinasjon med vind, slik at regnet slår inn på fasaden. Dette fører til at treverket vil stå fuktig over lang tid og soppen har gode mogelegheiter til å etablere seg.



For å unngå dette er det viktig at fasaden er konstruert rett. Det må vere lufting på baksida av kledningen som går uhindra vertikalt frå bakken og opp under takutstikket. Dette gjer at treverket får kontinuerleg tørking. Liggande kledning er også betre enn ståande kledning. Dette er fordi kvart bord får ein dryppkant.

Det som skjer når treet grånar over tid er at det ytterste laget i treet dør. Soppen er avhengig av friskt treverk for å etablere seg. Det betyr at når treefasaden først har fått den grå fargen, så vil det vere vanskeleg for soppen å etablere seg. Utfordringa er perioden fram til treet har gråna. Vi har difor valt å behandle kledingen med jernvitrol. Dette vil drepe det ytterste trelaget og framskynde gråningsprosessen. Det vil også redusere forekomsten av skjoldar som vil oppstå ved naturleg gråning på grunn av ulik ytre påkjenning.

Vi har kjøpt jernvitrol på vanleg fargehandel, det er nokre boksar med eit pulver som ein blandar ut med vatn og nokre teskeier med svart pigment. Dette er for at ein skal sjå kva deler av veggen ein har sett inn med jernvitrolet. Til å føre på har vi kjøpt ei målingssprøyte. No satsar vi berre på ein fortsatt fin novembermånad! 

 



Én kommentar

MammaBoka

16.11.2015 kl.23:12

Så flink DU er til å skrive :D

Fast leser fra Larvik :D

Skriv en ny kommentar

Bjørvik Miljøhus

Bjørvik Miljøhus

35, Gaular

Familie på fire som skal bygge miljøvenleg hus på vakre Bjørvikneset!

Kategorier

Arkiv

hits