Massive materialvalg... Og litt ventebilder!

Det siste året før vi starta på huset brukte vi mykje tid på planlegging. Vi var sjølvsagt ute etter løysingar som både var innanfor budsjettet vårt og samtidig hadde gode nok miljøeigenskapar. Vi var heldige som fekk kompetansemidlar frå Husbanken, slik at vi kunne engasjere ein konsulent til å gjere nokre av desse undersøkingane for oss. Det førte til at vi var tryggare på valga vi tok.

Likevel, så lenge der ikkje finst totalleverandørar eller ferdighus i marknaden for miljøhus, vil mykje av jobben med undersøkingar, vurderingar og valg ligge hos husbyggar. Ein kan ikkje leige inn konsulentar for alt. Det å bygge miljøhus er med andre ord framleis eit prosjekt for dei spesielt interesserte...

Eitt tema ein bør vere særleg interessert i er materialvalg! Miljøbelasting ved produksjon, eigenskapar i levetida og avhending. Her har vi gjort oss fleire nyttige erfaringar. Her er nokre tips:

1) Google smart. Skriv du "miljøvenleg golv" vil du garantert få 100 treff på ikkje-miljøvenlege produkt, men som kanskje er miljøsertifisert, før du kjem til det du er ute etter. Skriv heller "miljøeigenskapar golv" eller andre formuleringar som tek deg til sider som ikkje berre inneheld informasjon frå leverandørar.

2) Ta utgangspunkt i at "miljøvenleg" ikkje er hyllevare. Legg inn tid til å vurdere fleire produkt og førebu deg på lengre leveringstid. Ein annan ting; "miljøvenleg" viser seg overraskande ofte å vere synonymt med "tysk", så her er det gode mulegheiter for oppfrisking av språkkunnskapar.

3) Likevel, nokon gonger kan gode norske industriprodukt fungere like bra som noko anna. Vi vurderte å kle dei innvendige lettveggane med både leirplater, heiltreplater og trefibergips. Leirplater var lenge ein favoritt, men dei måtte bestillast frå Tyskland og i større kvanta. Vi endte opp med norske Huntonit-plater, som er produsert av norsk trevirke gjennom ein våtprosess utan bruk av lim.   

4) Tenk massivt! Massivt byggemateriale har gode eigenskapar både når det gjeld inneklima og varmefordeling. Vi brukar mellom anna heiltre golv, teglstein, massivtre konstruksjon og betong på golv.

5) Vurder miljøvenlege materialer i heile byggeprosessen. Til dømes er det viktig å redusere bruken av betong og oljebasert byggemateriale i grovkonstruksjonen, men "detaljar" som overflatebehandling, innredning, dører, vindu og trapper har også noko å seie for heilheita. Det vil til dømes vere dumt å forsegle den diffusjonsopne veggen din med vanleg maling. Vi har valgt kvitpigmentert bivoks som behandling på massivtreveggane og silikatmaling, kalkmaling og kalkpuss på innvendige veggar. Eit anna tiltak kan vere å kjøpe brukt, eller å utnytte alle ressursar fullt ut. Til dømes er våre innerdører kjøpt brukt på finn.no, medan trappene vert laga av restar frå massivtre-elementa. Teglsteinen er restar frå eit lokalt offentleg byggeprosjekt. Rekkverket på terrassen vert laga av kapp frå kledninga. På badet bygger vi dusj av porebetong-blokker som var til overs etter grunnmuren. 

Ellers har det skjedd mykje innvendig i huset dei siste to-tre månadane. Alt dette hadde nok fortent eigne blogginnlegg, men tida strekk ikkje til, så eg legg ved eit utvalg av ventebilder. 

Vi har hatt elektrikar og røyrleggar på plass, og tømrarane har sett opp og plata dei fleste innerveggane. Rett før helga fekk vi nokre hundre teglstein inn i kjellarstova, og no har vi snart fått ferdig mur- og termoveggane i regi av Odd Bjørvik.

H&E

 

Teglsteinsmuren mot kjellaren. Lithium Vandersanden. Eit restekupp:-)



Vassrøyr og trekkerøyr for diverse. Oppå her vert det lagt kortreist furugolv frå Følling!



Det kortreiste furugolvet ligg no til tørk. 



Kveldsjobbing i huset. Termoveggane in progress. Opne/lukke-motoren som skal monterast på takvindua blir det einaste high-tech innslaget i ventilasjonssystemet:-)





Meir kveldsjobbing. Muren i trappegangen ned mot kjellaren. 



4 kommentarer

MammaBoka

02.02.2016 kl.01:24

Spennende lesing :D

Følger bloggen din forresten :D

Bjørvik Miljøhus

05.02.2016 kl.12:34

MammaBoka: Så hyggeleg, takk for det! Kom gjerne med tips dersom det er spesielle tema du vil lese om:-)

Vegard Heide

10.02.2016 kl.13:30

Hei

Enig i at det er en fordel med diffusjonsåpen maling innvendig, også på vanlig trepanel og pipsplater. Hva bruker dere pigmentert bivoks på? Leverandør/merke? Hvor er kalkmaling brukt?

Har dere fått erfart hvordan overflata på silikatmalinga blir? Blir den veldig ru?

Bjørvik Miljøhus

05.03.2016 kl.19:49

Vegard Heide: Hei, beklager seint svar, vi er i gang med sparkling, pussing og maling, så det er mykje jobb på huset for tida... Vi brukar bivoks på massivtreveggane.Den førast på med ein brei kost, og før den har herda går ein over med ein slags vott for å polere. Bivoksen gjer at veggane vert lettare å vedlikehalde, og treet held på den lyse fargen.Vi brukar Livos bivoks. Kalkmaling har vi (hittil) brukt på soverom, og truleg vil vi bruke det i entreen og på kjøkkenet. I bodene har vi brukt vassbasert mailng frå Livos, og sparkelen kjem derfrå også.

Skriv en ny kommentar

Bjørvik Miljøhus

Bjørvik Miljøhus

35, Gaular

Familie på fire som skal bygge miljøvenleg hus på vakre Bjørvikneset!

Kategorier

Arkiv

hits