Husbanken Søkerkonferanse 2016

I går var eg på Gardermoen og hadde eit innlegg på Husbanken sin Søkerkonferanse 2016. Vi har fått tilskudd frå Husbanken til å formidle kompetanse om energi og miljø "inn og ut" av prosjektet vårt, og då stiller ein sjølvsagt opp på slikt! Og så måtte eg jo by litt på meg sjølv. Tenkte eg. Så det vart eit ganske ærleg vitnemål om opp- og nedturar i kvardagen til ein miljøhusbyggar... Jaja, opptak av konferansen blir lagt ut på Husbanken sine nettsider, så då kan du sjå sjølv:-)

God helg så lenge, med ein liten godbit frå mitt (framtidige) heimekontor!

Elisabet

 

6 kommentarer

Reidun

08.02.2016 kl.12:01

Spennende prosjekt, Elisabeth :)

Vi har planer om noe av det samme, og har fått tilbud fra samme massivtre leverandør som du har brukt. Men vi sliter med å finne en bra total-entreprenør som kan stå som ansvarlig søker. Ser at du er prosjektleder også, betyr det at du kun har del-enterpriser eller har du noen som er ansvarlig for hele byggeprosjektet?

Ta gjerne kontakt på mail, og du har mulighet :)

Reidun

Bjørvik Miljøhus

05.03.2016 kl.19:53

Reidun: Hei:-) Spennande! Det er vanskeleg med total-entreprenørar på slike hus... Vi har gjort det slik at arkitekten vår var ansvarleg for søknadar osv, og massivtreleverandøren gjorde alt arbeidet fram til tømraren tok over. Men ja, det betyr at vi har hatt prosjektansvaret, med koordinering av alt frå grunnarbeid til siste finish. Litt for seint fekk vi tips om at ein kanskje kan leige inn ein konsulent frå ein ferdighusprodusent til å ta prosjektleiing. Eg veit ikkje kva det ville koste, men det kan vere verd å sjekke ut!

Lene

02.12.2016 kl.12:45

Tusen takk for at dere har lagt ut så mye nyttig info! Vi skal også bygge hus i massivtre, og ønsker å velge miljøvennlige løsninger i den grad det lar seg gjøre. Er litt nysgjerrig på om dere er fornøyd med de valgene dere har gjort, eller om det er noe dere ville gjort annerledes om dere kunne velge på nytt? Har dere noen tips til materialvalg og type innredning på bad/våtrom, mtp miljø/inneklima? Huset ser forøvrig superfint ut, og det hadde vært gøy å se bilder av hvordan det har blitt til slutt :)

Lene

19.12.2016 kl.22:37

Tusen takk for mye god informasjon. Vi er i startgropa av et lignende prosjekt, og strever nå med å finne fram til miljøvennlige materialvalg. Hadde vært interessant å vite hva dere har valgt i ulike deler av huset (våtrom, oppholdsrom etc) og om dere er fornøyd også etter å ha bodd i huset en stund.

Bjørvik Miljøhus

30.12.2016 kl.12:35

Hei! Ser at vi har vore litt sløve på bloggen siste, hm, halve året! Det har jo si forklaring, mykje arbeid med siste hand på verket, flytting, jobb, osv osv... Men svaret på litt av spørsmålet ditt er at vi trygt kan anbefale folk å gå i gang med masivtrehus. Der finst etterkvart fleire arkitektar og leverandørar som spesialiserer seg på dette, og kan gje gode råd. Vi er veldig fornøgd med Trollvegg Arkitektstudio og Montasje AS som leverte elementa og monterte dei. Men dersom de ikkje finn ein "totalleverandør" vil eg anbefale å vurdere innleige av prosjektleiar i tillegg, med mindre de har litt erfaring eller eventuelt har mulegheit til å ta litt fri frå jobb. Det er nokså tidkrevjande å skulle koordinere heile byggeprosessen sjølv, for det er jo eindel som skal gjerast også etter at massivtrekonstruksjonen er på plass. I vårt hus er alle ytterveggar og berande veggar/etasjeskiller massivtre. Eg veit at nokon leverandørar også har innerveggar/romdelarar i massivtre, der ein set opp den eine sida av veggen, så legg ein opp ledningar osv, så set ein opp den andre sida av veggen. Hvsi det var forståeleg. Muleg vi hadde gått for det hvis vi skulle bygd ein andre gong, men samtidig er det jo fint å ha ei avveksling frå treveggar i nokon rom. Innerveggane har vi kledt med trefiberplater som vi har malt med kalkmaling. Det er ekstremt tungt arbeid å male heile huset innvendig med kalkmalking, men det blir veldig fint og naturleg. Vi gjorde alt sjølv, med litt dugnadshjelp, så det vart mykje god armtrening...:-) Isolasjon innvendig er trefiber og litt restar etter mineralull. På badet har vi ein god miks. Fliser på golv og i dusjsone (lekter utforbi massivtreet, asfalt - og gipsplater, støypt membran og til slutt fliser). Vi har med andre ord kompromissa litt på dei pustande eigenskapane for å få det tett for fuktskader. Ellers på bad har vi trepanel som er sett inn med bivoks, massivtre i taket (etasjeskille mot hems) og to veggar som er trefiberplater som er malt med kalkmaling. Husk luftesjakt på vindauga og hol i veggen til vifte dersom de velger ei slik løysing.

Bjørvik Miljøhus

30.12.2016 kl.12:44

Når det gjeld opphaldsrom og kjøken har vi betong/flytsparkel som er overflatebehandla på golvet, massivtreveggar sett inn med bivoks og teglsteinsmurar. Nokon veggar med trefiberplater og kalkmaling. I gangen og kjellarstove har vi furugolv (ikkje flytande...) og massivtreveggar set inn med bivoks, samt veggar med trefiberplater malt med kalkmaling.

Skriv en ny kommentar

Bjørvik Miljøhus

Bjørvik Miljøhus

36, Gaular

Familie på fire som skal bygge miljøvenleg hus på vakre Bjørvikneset!

Kategorier

Arkiv

hits